Ingefærøl

Det blei ikkje jul uten heimelaga "kola".

Økonomiske tilstandar var årsak til at brus kom langt ned på lista over nødvendige fødevarer i min barndom. Men ei tante frå Lunner på austlandet kom med denne oppskrifta som vart redningen for oss søtnosar. Det er vel det ein kallar Ingefærøl, men det var litt "fy" å servera øl til barn, så derfor blei det kalla heimalaga kola. Ein bursdag fekk eg ei literflaske for meg sjølv, den var farga med raud konditorfarge og såg gamalrosa ut - heilt nydelig!!

Oppskrifta er som følger:

1 pk. heil ingefær

1 kopp humle (kjøpast på apotek eller vinhandel)

1 liter mørk sirup

1 kg. sukker


Fremgangsmåte:

Dette kokast opp med litt vatn - 2 til 10 liter - i 15 min.

Speast ut med kaldt vatn til 25 l. - ca. 28 grader C.

Tilsett 50 gr. gjær, la stå i 12 timar - silast av.

Kok opp 2 kg. sukker i 2 l. vatn og avkjøl. Vil ein ha meir farge tilsettast sukkerkulør. Bland alt saman og tapp på flasker.

Etter 3-4 dagar er det ferdig til å drikka, det har danna seg kolsyre som gjer ein brusande effekt og smaken er på dette stadiet søt (litt for søt synast kanskje nokon). Dersom det står lenge.

3 - 4 veker - blir det eit sterkt brygg som ikkje bør serverast barn.

Mariann Ahnell
Publisert 01.01.2009, sist endret 07.12.2012 - 15:50
Side-alternativer
Kategorier: