Mårpølse til pinnekjøttet – ein juletradisjon

Dette er ein juletradisjon frå min familie, og oppskrifta er enkel, mårpølsa skal dampe med pinnekjøttet den siste halve timen.

Uvitande som eg var, har eg alltid levd i den trua at dette var noko alle på Nord-Vestlandet brukte attåt pinnekjøttet. Men då eg ringde produsenten for å kvalitetssikre dampetida, fekk eg til mi store undring høyre at dette var heilt ukjent. Eg meinte vel kokemår, sa den første. Kokemår? Det har eg aldri høyrt om. Så vart eg sett over til ein pølseekspert. Nei, dette var ukjent.

I fortviling ringde eg den eldste systera. Jau då, det er speka mårpølse vi brukar. Det er ein tradisjon vi førar vidare frå familien til mamma. Den yngre systera sa det same, den skal vere speka, dette er noko vi har med oss frå pappa sin familie.

Så er det kanskje ikkje ein mattradisjon som så mange brukar, sjølv om eg ikkje heilt trur at min familie er unik. Det må vel vere andre enn eg og syskena mine som har slike sterke minner om dette, kor mårpølsa berre er eit viktig element kring andre barndomsminne. Om kvinnene i familien, som før kvar jul samla seg for å steikje flatbrød og rulle dukar i lag - kvit damask og broderte juledukar. Om sylvtyet som varleg vart pakka ut av bomull og plast, og som vi barna måtte vere med på å pusse. Om foreldre, som kanskje vart leie av å skjære opp pølse til alle barna, og sylvtyet som kanskje ikkje var det beste bitereiskapen. Om pølsa, som er hard, som skvatt bortover bordet, og sette stygge feitflekkar på reine og nyrulla dukar, først frå den eine sin tallerkenen og så frå den andre. Eg trur det er dette vi hugsar best, pølsa som alltid fauk som ein rakett rundt omkring på det fint dekka julebordet.

Og pussig nok, har vi syskena kvar for oss funne ei løysing på pølsehoppingsproblematikken.

Utan handbroderte dukar, og med bestikk meir teneleg for gjenstridige pølser, har vi funne ut at pølsa kan haldast i handa. Slik sikrar vi mårpølsa sin framtidige eksistens som juletradisjon, mens vi samstundes kan nyte måltidet i fred og ro. For å ete pinnekjøtt utan mårpølse, det er ikkje eingong til å tenkje på.

Mårpølsa er kanskje ikkje eit kjært barn for tida, men mange namn har den – morrpølse, mårpølse og mørpølse. Sjølv er eg van med mårpølse, og er glad for det… Då er eg sikra at borna ein dag kjem og spør, om mårpølse er laga av mår.

sigridf
Publisert 01.01.2009, sist endret 07.12.2012 - 15:57
Side-alternativer
Kategorier: