Nordahl Grieg og teatret

"Skriv Nordahl – og skriv for teatret, der har du mere å utrette enn noen annen i vårt land." (Hans Jakob Nilsen 1937).

Dramatikaren

Portrettfoto

Dette er ein annotert bibliografi over Nordahl Griegs dramatikk, det vil seie over alle oppsetjingane av skodespela hans og litteraturen om desse. Når det gjeld avismeldingar av oppsetjingane, er opplysningar om desse ikkje fullstendige, men dei største avisene trykkjer som oftast kritikken dagen etter premieren, viss ikkje denne fell på ein søndag. Talet på oppsetjingar av dei ulike stykka syner tydeleg i kva grad Nordahl Grieg har "overlevd" som dramatikar.

Bibliografien er inndelt i:

a) Oppsetjingar, norske og utanlandske, med opplysningar om teater, dato, regi (R), scenografi (S), musikk (M), evt. andre opplysningar (avismeldingar etc.) og talet på framsyningar.

b) Utgjevingar, norske og utanlandske.

c) Litteratur om skodespela/oppsetjingane: av forfattaren – artiklar, intervju etc.; av andre – monografiar (her også hovudoppgåver), artiklar (i bøker, tidsskrifter etc), teaterprogram etc. Program er elles berre teke med i spesielle tilfelle. Alt er ordna i kronologisk rekkefølgje.

Bibliografien er skreven i 1998 av Jan Olav Gatland.

I. En ung mands kjærlighet. Skuespill i 3 akter

Ein ung mann med eit problemfylt kjensleliv, og hans kjærleiksforhold til ei ti år eldre kvinne som ha vore gift med eit brutalt mannfolk. Han oppdagar at brutaliteten har noko lokkande ved seg, og det er den som sigrar til sist. Dramaet dreier seg om motsetningar og kamp mellom råskap og det gode. "Barrabas-motiv", dvs ein ung mann skal velje, men har eigenetleg ikkje noko val, fordi Barrabas-kreftene, det vonde, syner seg å vere det sterkaste.

"(Mitt stykke har en moral, i al den glittrende og morsomme erotikkens tid, at vise nemesis og syndens sold. Det lille menske som er Berit." (NG i brev til søstra Ingeborg 13.10.28) (Vold, 1983).

Oppsetjingar

1. DNS 28.10.1927 R: Thomas Thomassen, S: Rahe Raheny, M: Sverre Jordan, Harald Sæverud, Harald Heide. Avismeldingar 29.10. – Bergens Aftenblad: "utførelsen var fortræffelig" (N.-O.), Arbeidet: "en sjelden helstøpt og vellykket forestilling" (A.P.), Bergens Tidende (O.H.) og Gula Tidend (G) var ikkje overbeviste, Bergens Arbeiderblad: fin oppsetjing, men overflødig stykke (C.E.), Morgenavisen: einaste avis som omtaler regien "Hvorfor sættes der fuld damp paa allerede fra begyndelsen, hvorfor disse Othello-brøl [...] her er det da ikke livet om at gjøre!", synest og  at kostyma er kjedelege (V.S.), 10.11. Bergens Aftenblad siterer Middagsavisen, Oslo: klok og følsam regi, artistisk og moderne i forma, der svarte, stiliserte dekorasjonar gav skodespelet det rette urealistiske preg (A. Rønneberg). 13 framsyningar.

2. Nationaltheatret 25.9.1928 R: Halfdan Christensen, R: Thorleif Holmen. 19 framsyningar. Oppsetjinga blei forbigått av Aftenposten, men fekk god kritikk i Tidens Tegn.

3. Studenterscenen, København, ca 20.11.1931.

4. Radioteatret 21.11.1961. R: Knut Thomassen, Teknisk regissør: Jahn Erik Joveng. Også sendt 23.6.1963, 3.4.1969 og 2.11.1972.

5. Jada-teatret, Bergen lærarhøgskole mars 1989. R: Ragnar Holen. Omtalt 13.3. i BT (A. Kristoffersen). Også oppført tre gonger i slutten av april som gjestespel på DNS. Omtalt 6.5. i Morgenbladet: "Teatertalenter gir glimrende Nordahl Grieg-drama nytt liv" (S. Knag).

Utgåver

1. En ung manns kjærlighet. Skuespill i 3 akter. Bergen Offentlige Bibliotek, 2014. Elektronisk utgave.

1. En ung mands kjærlighet. Skuespill i 3 akter. Oslo: Gyldendal, 1927. 94 s.

Bokmeldingar: K. Elster (Nat., 5.11.27), Helge Krog (Dagbladet, 22.12.27),

2. En ung manns kjærlighet. Skuespill i 3 akter. [Oslo]: [NRK], [1961]. 61 bl. Rollehefte.

Litteratur om stykket

Av forfattaren:

1."'En ung mands kjærlighet'. Nordahl Grieg uttaler sig om sit skuespil". I Oslo Aftenavis 24.11.1926.

2. "Nordahl Grieg pr. telefon." I Oslo Aftenavis, 29.10.1927.

II. Barrabas. Skuespill

Ein ung mann står på nytt overfor brutaliteten, og let seg imponere og overmanne av styrken i den rå makt. Eit slags idédrama mellom godt og vondt, mellom den kjærlege og milde Jesus og den sterke og opprørske Barrabas. Forfattaren skal vere inspirert av møtet med Kina og den russiske kommunisten Mikhail Borodin. Skrive i Hankow i april 1927. NGs første famlande forsøk på dramatisk modernisme.

Oppsetjingar

1. Nationaltheatret 26.10.1927. R: Johanne Dybwad, S: Oliver Neerland. NGs debut på scenen, og oppført to dagar før En ung mands kjærlighet ved DNS.

Stor suksess blant publikum, men berre delvis i pressen 27.10.27 – Tidens Tegn: avgjort uoriginalt stykke med deklamatoriske replikkar, men artistisk regi (R. Fangen), Nat.: stykkets poesi, biletkraft og idé utløyst av regien (K. Elster), Dagbl.: sterk regi og effektfull scenearrangement (E. Skavlan), Arb.bl.: ikkje ein einaste nytenkt tanke, åndelaus humbug og replikkane er filmtekstar medan regien er komisk pretensiøs (H. Krog), Aft.p.: uvant form og oppstykka handling, alt er scener og opptrinn som flimrar forbi (A. Stiloff), Norges Kommunistblad: ei redselsfull oppføring (falsk og oppstilt) enda verre enn stykket (hol og kvalm lyrikk); 31.10. Morgenavisen: NG svært talentfull som dramatikar (J.H.E.)

2. Folketeatret, København 22.2.1930. Ei midnattsframsyning oppført av Forsøgsscenen. R: Per Knutzon, S: Kai Mottlau.

3. Radioteatret, 1.11.1945. R: William Nygaard.

4. Borgarskolan (Dramatikerstudion), Stockholm 15.9.1945. R: Sam Besekow, S: Yngve Larsson. 2 framsyningar.

5. DNS, 14.5.1946. R: Stein Bugge, S: Per Schwab, M: Sverre Jordan. Minneframsyning for NG. 15 framsyningar. utan særleg publikumssuksess. Avismeldingar: 15.5. BT (H.L.), BA (Vikar), Arbeidet, Bg (J.B.O).

6. Nationaltheatret, 6.10.1949. R: Stein Bugge, S: Per Schwab. Regissøren har framelska alt det larmande og patetiske i stykket og gjev berre forfalska bibelhistorie (E. Skavlan i Dbl. 7.10.).

7. Folkhögskolen i Kungälv, 23.4.1951. R: Carl Guldagger Hansen.

8. Radioteatret, 28.3.1961. R: Knut Thomassen, Teknisk regissør: Odd Rinnan. Også sendt 5.12.1961.

9. Nationaltheatret, 2.11.72. Dialogen mellom far og son, oppført i høve NGs 70-årsjubileum.

10. Vikateatret i veka før påske, ca 25.3.1985: "Menneskesind", ein NG-collage med dikt og utdrag frå Barrabas. Tilrettelegging og regi: Emil Chr. Fasting. Omtalt i Arb.bl. 28.3.85 (Å. Eliassen).

Utgjevingar

1. Barrabas. Et skuespill. Oslo: Gyldendal, 1927. 69 s.

2. Barrabas. [Oslo]: [NRK], [1961], 61 bl. Rollehefte.

Litteratur om stykket

1. Dahl, Helge: "Barabbas på scenen" i Ergo 1/1983. (Om Barabbas-skikkelsen hos M. de Ghelderode, N. Grieg og P. Lagerkvist).

2. Lokrantz, Margherita G.: "Kring Barabbasgestalten" i Svensk Litteraturtidskrift 3/1983.

III. Atlanterhavet. Skuespill


Om det moderne mennesket med trong til sensasjon, effektar, store bedrifter og nye rekordar. Den unge journalisten er med på ein flytur over Atlantershavet og skal rapportere direkte i radio. Flyet styrtar under direkte sending, med høgtalarar i selskapsrom på hotellet i storbyen.

Oppsetjingar:

1. Nationaltheatret, 23.1.1932. R: Halfdan Christensen, S: Oliver Neerland. Oppsetjinga blei visst ein fiasko pga. langdryge replikkar og for tregt scenemaskineri til å veksle raskt nok mellom dei elleve scenebileta. Eit ekspresjonisk-inspirert stykke spelt som Ibsen. Avismeldingar 25.1.: Tidens Tegn (P. Gjesdahl), Dagbladet (E. Skavlan), (A.O. Normann), Nationen (K. Elster), Aftenposten/Arbeiderbladet. DNS fekk stykket i august 1931 og ønskte å setje det opp, men måtte utsetje oppføringa fordi Nationaltheatret krevde retten til førsteoppføring av norske skodespel.

2. Bremen, 16.9.1932 - "Mellom oss sagt er det hele grufullt. De har laget en øl og pølsefest ut av stykket." NG til Nils Lie 16.9.32). Atlanter Flug (omsett og omarbeidd av Karl Lerbs) fekk god kritikk i avisene: "Hvis ikke alle tegn skulde slå feil, har denne siste uropførelse på Bremer Schauspielhaus erobret et stykke for tysk scene, som ikke bare er spennende teater, men også stiller op på en mesterlig måte et av vår tids mest brennende problemer." (Kölnische Zeitung, sitert frå Arbeiderbladet 24.9.1932) Deretter blei stykket spelt mellom anna i Hamburg (29.9.32), Bremerhaven, Stettin, Lübeck, Nürmberg, Wien, Praha, Hagen (i Westfalen 30.11.32), Frankfurt am Main (mars 33), Regensburg, Braunschweig (september 33), Coburg (oktober 33) og Breslau (juni 34).

3. Radioframføring i Sveriges radio, januar 1933.

4. DNS, 15.2.1933. R: Nordahl Grieg, S: Rahe Raheny, M: Sverre Jordan. Avismeldingar 16.2, stort sett positive – Bergens Arbeiderblad etterlyste ein større scenisk økonomi og nemner NGs regi: "Opførelsens iøinefallende feil var at det hele gikk forlitet slag i slag. Mellemaktene burde være kortest mulig." 9 framsyningar.

5. England, 1933 oppført av "The Folk Players".

6. Moskva, januar 1935(?).

7. Radioteatret, 28.11.1961. R: Knut Thomassen, Teknisk regissør: Viktor Sandal. Også sendt 1.11.1992.

Utgjevingar

1. Atlanterhavet. Skuespill. Oslo: Gyldendal, 1932. 111 s.

2. Atlanterhavet. [Oslo]: [NRK], [1961], 40 bl. Rollehefte.

På andre språk:

1. Atlantik Flug, omsett til tysk og omarbeidd av Karl Lerbs

2. Atlanticeskij okean. P'esa. Omsett til russisk av G. Aleksandrrova. Moskva 1935.

Litteratur om stykket

"Nordahl Grieg flyver til prøve på sitt flyvedrama." Intervju med NG i Oslo Aftenavis, 16.1.1932.

Knut Hamsun: "Jeg er ikke Teatermenneske, men jeg synes det maa ha Alverdens Sceneegenskaper, jeg har lest det som en Fortælling [...] hvor meget mere da fra Scenen, tænker jeg [...] De sitter ikke som Ibsen og orakler kjedelig om Tingen. [...] her er saa meget nyt, saa originalt, Tekniken saa up to date at jeg dirret her jeg sat." (Brev til NG 11.2.1932).

IV. Vår ære og vår makt. Skuespill


Sjøfolk mot skipsreiarar i første verdskrig: samfunnskritisk og pasifistisk. Opprinneleg tenkt som filmmanuskript, bygd på minne frå første verdskrig. Hans Jacob Nilsen, teatersjef ved DNS, skal ha hatt stor innverknad på utforminga av stykket. Prøvane byrja før heile stykket var ferdig, og skodespelarane øvde inn scene for scene: "Under Hans Jacob Nielsens pragtfulde ledelse er Bergens teater blevet Vestevropas mest spændende Teater. Han formelig haler manuskripterne Ark for Ark, Scene for Scene ud af Forfatternes Hænder." (NG intervjua i Politiken 6.5.1937).

Stykket er skrive i ein montasjeteknikk – inspirert av Noel Cowards Cavalcade, russiske Meyerhold (konstruktivisme og biomekanikk), russisk film (t.d. Eisenstein) og sikkert også Piscator – der dei 14 scenebileta vekslar fort, straks personar og hendingar er tydelege nok. NG tok omsyn til sceneskifta, og la inn korte opptrinn som kunne spelast framfor teppet. Typisk for intensiteten i stykket er scenetilvisingar som: "Musikken sprenges plutselig i vill dissonans, som en eksplosjon" og "Teppet flerres til side, det er som hele stykket eksploderer...". I tillegg tok NG heile teatersalen i bruk: I epilogen held ein skodespelar tale frå ein av gjestelosjane, og bak i salen står oppstilt to mitraljøser som mot slutten fyrer laus mot scenen.

Vår ære og vår makt var ei av 30-åras store teaterhendingar i Norge. Den ironiske tittelen har NG lånt frå Bjørnsons hyllingsdikt til den norske sjømannen.

Oppsetjingar

1. DNS, 4.5.1935. R: Hans Jacob Nilsen, S: Per Schwab.

Premiere ved DNS etter hard kamp. Fleire styremedlemmer ville ikkje at teatret skulle setje opp eit "revolusjonært" stykke med åtak på reiarstanden og fekk stoppa prøvane. Først då teatersjef Hans Jacob Nilsen sette stillinga si inn på å få stykket oppført, i tillegg til økonomiske årsaker og for å unngå at Oslo skulle komme ein i forkjøpet, fekk stykket gå som planlagt. Striden var god reklame og gav fulle hus: 60 framsyningar sett av over 30 000. Regien var inspirert av Meyerhold. Avismeldingar 6.5. svært positive i Bergensavisene, Tidens Tegn og Dagbladet. Oppsetjinga opnar nye vegar for scenekunsten. Også omtalt i Daily Herald (J. Morgan), sitert i Bergens Arbeiderblad 12.10.35.

2. Nationaltheatret, 21.9.1935. R: Johanne Dybwad, S: Oliver Neerland. 57 framsyninar. Sett av 50 000. Avismeldingar: 23.9. Arbeiderbladet (A.O. Normann), Aftenposten.(A.S.), Nationen (K. Elster), Tidens Tegn (P. Gjesdahl), Dagbladet (E. Skavlan), Arbeidet (R. Torgersen); 25.9. Gøteborgs handels- och Sjöfartstidning (E.R), 26.9. Norsk Tidend (Aslaug Vaa), 25.1.36 Stavangeren (I.O. Dedekam).

3. Gøteborgs Stadsteater, 12.11.1935. R+S: Knut Strøm. 24 framsyningar.

4. Det Kongelige Teater, København 24.4.1936. R: Bodil Ipsen, S: Helge Refn, M: Emil Reesen. (Dansk omsetjing: Johannes Weltzer) 17 framsyningar.

5. Dramaten, Stockholm 24.4.1937. R: Alf Sjøberg, S: Härje Ekman. 11 framsyningar, 4 om hausten. M.a. med varietéscener framfor teppet under sceneskifta. God kritikk i pressa. 25.4.: Social-Demokraten (N. Beyer), Folkets Dagblad Politiken, Nya Dagligt Allehanda (Neander-Nilsson), Svenska Dagbladet (S. Selander), Dagens Nyheter (B. Bergman), 26.4: Göteborgs Handels- og sjöfartstidning (A. Beijer),

6. Også spelt i Zürich og Moskva.

7. Radioteatret, 27.1.1939. R: Hans Jacob Nilsen.

Hans Jakob Nilsen vakte oppsikt med Peer Gynt på nynorsk i 1948 då han var sjef på Det Norske Teatret, og ville svært gjerne setje opp Vår ære og vår makt. Det aller meste skulle spelast på bergensdialekt, men nokre få passasjar måtte omsetjast til nynorsk. Gerd Grieg sa ja, men både broren Harald Grieg og søstera Johanne Grieg Cederblad sa nei. Då Nilsen blei sjef for Folketeatret, prøvde han på nytt å få stykket sett opp, men då sette Gerd Grieg sjølv stykket opp på Nationaltheatret (jf. Nilsen 1997).

8. Nationaltheatret, 26.5.1951. R: Gerd Grieg/Jørn Ording. S: Rahe Raheny.

Blei forsøkt stoppa av konservative krefter, og møtt med både pipekonsert og applaus (jf. Rolf Nærup i Morgenbladet, 12.4.51). Paul Gjesdahl: Stort diktverk som let "stille, myke scener avløse de voldsomme. Det er så mye poesi, så mye lune i stykket..." Men oppsetjinga er ikkje så god som i 1935, noko som skuldast regi og uheldig rollefordeling (Tidens Tegn, 28.5).

9. DNS, 1.5.1954. R: Hans Stormoen, S: Per Schwab. 30 frams. Første forsøk på å "repolitisere" NG. Stort programhefte med mykje politisk og historisk stoff. Hans Jacob Nilsen hadde i Dbl. 12.12.53 nemnd ufargleggjeringa av NG, etter at J. Borgen snakka om svindel med NGs ettermæle (8.10.52 i Teatersentralens sal + omtale i Mrg.avisen dagen etter.) Avismeldingar 2.5. BT (H.L.), Mg.avisen (S.T.). kronikk i Dbl.(?) ca 3.5.54 (E. Beyer)

10. DNS, 10.11.57. Spelte 1 akt V og 2 akt III. R: Hans Stormoen. 2 framsyningar.

11. Radioteatret, ca 1965.

12. Nationaltheatret, 2.11.72. Scena frå ruffen, oppført i høve NGs 70-årsjubileum.

13. DNS, 25.10.1976. R: Knut Thomassen, S: Christian Egemar. 38 frams.

14. NRK/TV,  jan-mars 1984. Utvalde scener. R: Bentein Baardson.

Utgjevingar

1. Vår ære og vår makt. Skuespill. Oslo: Gyldendal, 1935. 152 s.

2. Vår ære og vår makt. Oslo: Gyldendal, 1963. 85 s. (Skoleutgåve ved Kjølv Egeland).

På andre språk:

1. Unsere Ehre und unsere Macht. Omsett til tysk av Per Schwensen. Berlin: Henschel & Sohn, 1950. 77 s. (Skodespelet skal også ha vorte omsett til tysk av Cloetta, med hjelp av Klaus Mann, ca 1936.)

2. Our Power and Our Glory i Five Modern Scandinavian Plays. C.E. Soya, W. Chorell, D. Stefansson, N. Grieg, P. Lagerkvist. S. 277-362. New York: Twayne, 1971.

3. Afl vort og æra. Omsett til islandsk av Johannes Helgi. Reykjavík: Arnartak, 1982. 95 s.

Litteratur om stykket

Av forfattaren:

I 1935 meinte NG at stykka hans verka så spe, så latterlege på scenen. Gerd Grieg syntest stykka hans mangla humor, sjølv om han var svært morosam privat. Kan det ha inspirert han til meir morosame scener i Vår ære og vår makt? Viss han ikkje hadde sett Noel Cowards Cavalcade, ville han aldri ha kunna skrive dette stykket. (Gerd Grieg, 1958).

1. "Vår ære og vår makt". I Arbeidet 28.3.1935.

Intervju med forfattaren om den foreståande oppsetjinga i Bergen, "Et av de største opgaver noget teater kan påta sig", men mest om innhaldet: "konflikten mellem kapital og arbeide, i dette tilfelle skibsrederne og sjøfolkene i sin råeste og mest tilspissede form". Intervjuet blei også trykt i Ny Tid, 5.10.1935.

2. "Hvordan 'Vår ære og vår makt' blev til. Da Bergen stenet uskyldige spionbarn under krigen." I Dagbladet 19.9.1936. Intervju i samband med Nationaltheatrets premiere om forfattarens arbeid med stykket, at han for å få miljøet heilt ekte m.a. overnatta på herberge og sjømannsheimar.

3. "'Vår ære og vår makt' i rette tid." I Tidens Tegn 21.9.1935. Intervju med forfattaren foran kveldens premiere på Nationaltheatret.

4. "Det er uanstendig å skrive 'varig kunst' for en menneskelighet, som kanskje skal utslettes!" I Dagbladet 28.9.1935.

Overskrifta er NG svar på om han heretter berre skal skrive tendens-stykke. Han svarer også at: "En gang, i det klasseløse samfund, skal der bli en ny litteratur, en litteratur som skal øke verdien av hver dag vi lever."

5. "...samtale med Gerda Grepp om 'Vår ære og vår makt'." I Arbeiderbladet, Lørdagskvelden 17.10.1935. Intervju med NG om stykket.

6. "De tusinde Skibe, som Krigen tog..." I (Skip.) Nationaltidende, København 22.4.1936. Intervju i samband med fredagens premiere på Det Kongelige Teater. NG er svært begeistra for Bodil Ipsens iscenesetjing "fordi hun saa præcist har følt hvad jeg vilde sige".

7. "Nordahl Grieg til Spania igjen. Og ser gjerne at 'Vår ære og vår makt' blir filmet." I Fremtiden 10.12.1937. Kort intervju der NG uttaler at "skuespillet egner sig godt til filmmanuskript". Og litt om suksessen med "Nederlaget" i København.

Av andre:

Monografiar

1. Andersen, Leif Anker: Om Nordahl Griegs "Vår ære og vår makt". Hovudoppgåve i nordisk, Universitetet i Bergen, 1976.

2. Brenne, Berit: Kritikken av Nordahl Griegs "Vår ære og vår makt" ved utgivelsen og de første oppførelsene i Bergen og Oslo, (1935). Hovudoppgåve i norsk, Universitetet i Oslo, 1975.

3. Ek, Sverker R.: Teater i förvandling. Diskussionen kring Dramaten som "nationalscen" och "folkteater" från Guds gröna ängar høsten 1932 till Vår ära och vår makt våren 1937. Acta Universitatis Umensis, 45:1:2. Stocholm, 1982.

Artiklar

1. "Det er et storartet arbeid. Det er preget av dikteren Nordahl Grieg, og det er den første frukt av hans lange opphold i Østen. Stykkets dramatiske oppbyggning er helt ny, det er påvirkningen av russisk teater, billedene er stillet krast op mot hverandre og selvsagt er de preget av hans egen sosiale innstilling." I samband med at "Vår ære og vår makt" blei utsett på DNS, blei professor Shetelig (som tilhørte mindretalet i styret ved DNS) intervjua av Dagbladet 10.4.1935.

2. Berggrav, Eivind: "Vår ære og vår makt" i Kirke og kultur, 1935

3. Wennersten, Aug. A.: "En sjømann om Vår ære og vår makt" i Morgenavisen 29.8.1935.

4. Fangen, Ronald: "Brev från Norge" BLM 1935.

5. Bugge, Johanna Olsen: "Nordahl Grieg går inn i sin tid. Striden omkring 'Vår ære og vår makt'" s. 17-26 i Pettersen m.fl. 1962.

Om den politiske NG, som i september 1937 mellom anna sa at kunsten må vere politisk, fordi "denne 'upolitiske' kunst er aldeles ikke upolitisk, der er overordentlig nyttig for dem som vil at oppmerksomheten skal bortledes fra vesentlige og avgjørende ting. "

6. Nilsen, Hans Jacob: Brev til Harald Grieg 19.1.1957 om samarbeidet med NG om Vår ære og vår makt. Sitert i Harald Grieg 1963.

7. Næss, Harald: Forord til amerikansk utgåve i 1971, jf denne.

8. Erbe, Berit: "Nordahl Griegs 'Vår ære og vår makt': Drama–skuespil–analyse" i Longum, Leif (red.): Drama-analyser fra Holberg til Hoem. Oslo: Universitetsforlaget, 1977.

9. Longum, Leif: "Når opprørere blir pensum. Litteraturpedagogiske tanker ved 50-årsjubileet for Nordahl Griegs Vår ære og vår makt" i Norsk litterær årbok, 1985.

10. Nygaard, Knut: "'Vår ære og vår makt' blir til" i Edda, 1/1985.

11. Karlsen, Ole: Budskap og formelle virkemidler i Nordahl Griegs "Vår ære og vår makt" i Norskrift, 1989.

V. Men imorgen – Skuespill i 3 akter

Ein stor utanlandsk-eigd kjemisk fabrikk legg om drifta frå kunstgjødsel til giftgass. Om rustningsindustriens kyniske spel om krigsprofitt. Kritikk av kapitalismen. Ein appell mot krig og for fred.

Oppsetjingar

1. DNS, 8.5.1936. R: Hans Jacob Nilsen, S: Per Schwab.

Urpremieren skulle eigentleg ha skjedd dagen før på Nationaltheatret, men dei måtte utsetje sin premiere til to dagar seinare. Pipekonsert under stykket av unge medlemmer av Nasjonal Samling og Fedrelandslandslaget. Avismeldingar 9.5.: BA (A.P.), Gula Tidende, Bergen Aftenblad (N-O); Dagbladet: eit verkeleg diktverk om dagen i dag, men stykket blei ikkje spelt nyansert nok. (E. Skavlan), Ny Tid, Trondheim (usignert: "...vekker storm i Bergen"), 13.5. Haldens Arbeiderblad (S. Evensmo), Berlingske Tidende 10.5.36, ("Pipekoncert mod NGs røde faner paa scene. Teaterslag i Bergen"). Arbeiderbladet 11.5. (H. Heiberg). 10 framsyningar med delvis dårleg besøk.

2. Nationaltheatret, 10.5.1936. R: Halfdan Christensen, S: Christian Stenersen. Med mmellom anna Olafr Havrevold, Gerd Egede Nissen, August Oddvar. Lunken kritikk i Oslo-pressa og spelt 6 gonger. Avismeldingar: 11.5. Dagbladet: betre enn i Bergen; stykket blei det det skulle vere: ei brei, levande skildring av dagens overklassemiljø (E. Skavlan), Arbeiderbladet (H. Heiberg), Morgenbladet (F. Halvorsen), Morgenposten (Fr.v.d.Lippe), Tidens Tegn (P. Gjesdahl), Aftenposten (A. Stilloff), Nationen (K. Elster), Sjøfartstidende (H.L.), 20.9. Mot Dag (J. Vogt)

3. Stadstheater, Bern.

4. Greifswald Teater, DDR, ca januar 1975. Ifølgje regissør Fred Grasnick er stykket (Aber morgen) inspirert av Ibsen og Tsjekhov samt av Stanislavskis realisme og ekspresjonistiske impulser. Omtalt i Dagbl. 19.2.75 (W. Dahl).

4. DNS, 11.12.1982. R: Bentein Bårdsson, S: Helge Hoff Monsen. 41 framsyningar.

Utgjevingar

1. Men imorgen –. Skuespill i 3 akter. Oslo: Gyldendal, 1936. 138 s.

2. Men imorgen –. [Bergen]: Den Nationale scene, 1982. 96 bl. Rollehefte.

På andre språk:

1. Mais demain... Pièce en trois actes et six tableaux. Omsett til fransk av Henri Fer. Paris: Editions sociales internationales, 1937. 110 bl.

 

Litteratur om

Av forfattaren:

1. "Nytt antikrigsskuespill av Nordahl Grieg." I Arbeideren 30.3.1936.

Kort intervju med forfatteren i samband med at Nationaltheatret skal setje opp stykket. Intervjuet blei også trykt dagen etter i Arbeidet.

2. "'Men i morgen' er en appell om fred." I Arbeidet 2.5.1936.

Intervju i samband med DNSs oppføring av stykket, som er "etslags familiedrama med sosial bakgrunn, skrevet under følelsen av den kommende krig (...) om hvordan de forskjellige samfundslag reagerer på krigstruslen".

3. "Omkring mitt siste skuespill." I Veien frem, Nr 4 mai 1936, s. 18-20.

Trykt opp i Arbeideren, 22.5.1936. (Grieg, Nordahl 1982: 24).

Forsvarer det politiske innhaldet i skodespelet mot skuldingane frå Hans Heiberg (i Arberbladet).

Av andre:

Monografiar

1. Thorsen, Tönnes Johan: Kritikkreaksjoner på Nordahl Griegs "Men imorgen". Hovudoppgåve i nordisk, Universitetet i Bergen, 1972.

Artiklar

1. Hegna, Trond: "Diskusjonen om 'Men i morgen'" i Mot Dag 2/1936

2. Grepp, Ole: "Noen tanker omkring 'Men imorgen –'" (Pettersen m.fl. 1962: 27-35). Eit vanskeleg stykke å spele: "Det er selve verdensbegivenhetene som er stykkets hovedperson [...] Skal oppgaven løses på scenen, krever den kunnskaper om de økonomiske lover som styrer verden..."

3. Bien, Horst: "Die Dialektik der Konfliktstruktur und des Figurenaufbaus im Nordahl Griegs Drama Aber Morgen..." I Nordeuropa. Studien, 8/1975.

4. Hartmann, Hasso: "Konzeptionelle Aspekte der Erstaufführung von Nordahl Griegs Drama Aber Morgen... auf dem sozialistischen Theater der DDR." I Nordeuropa. Studien, 8/1975.

5. "Redaksjonsartikkel: Men imorgen – av Nordahl Grieg." I Profil 4/1977.

6. Programhefte DNS 10/1982, 48 s. med artiklar av m.a. Willy Dahl, Knut Nygaard, GS [Gunnar Stålesen], Peter R. Holm og regissøren Bentein Baardson, samt eit intervju med sistnemnde.

VI. Nederlaget. Skuespill

Om Pariserkommunen i 1871, oppstanden og det blodige nederlaget. Om kampen for fridom, demokrati, rett. Ifølgje NG er dramet også prega av den pågåande borgarkrigen i Spania.

"Nederlaget er Nordahl Griegs største drama, i virkeligheten et av de store dramaer som er skrevet i Norden. [...] Intenst inntil det bristeferdige bygger stykket seg likevel logisk opp gjennom en handling, knyttet til levende, stridende mennesker, slik at det enkelte menneskes skjebne blir symbol for helheten i et ustanselig skiftende spill av voldsomt virkende paralleller. Intimiteten går aldri tapt midt i de store optrinn, og Nordahl Griegs sprudlende, lysende lyrikk springer fram mellom redselsscenene, lik markblomster som spirer på graver. Det er et drama så gripende og aktuelt, så monumentalt og intimt og blendende rikt på sceniske muligheter." (Johan Borgen 1945).

Oppsetjingar

1. Nationaltheatret, 25.3.37. R: Agnes Mowinckel, S: Alexey Zaitzow, Kostyme: Ferdinand Finne, M: Sparre Olsen – med m.a. Egil Eide, Oddvar Stormoen, Gerd Egde Nissen, Åse Bye, David Knudsen. "'Nederlaget' ble en av de store oppførelser for Nationaltheatret i Oslo. Stykket ble spilt slik som bare dette teatret i verden kan spille samtidig norsk litteratur – når det er heldig." (Borgen 1945),

Avismeldingane 27.3. var svært positive: Tidens Tegn (P. Gjesdahl), Arbeiderbladet (H. Heiberg), Dagbladet (E. Skavlan), Nationen (K. Elster), Morgenbladet (Vikar), Sjøfartstidende (H.I.), Morgenposten (Fr.v.d.L.), BT (H.E.), med unntak av Aftenposten: stykket er eit tre timars langt og trøyttande diskusjonsmøte (A. Stilloff), 29.3. Dagens Nyheder (Fr. Schyberg), 30.3. Bergens Aftenblad (Nordahl-Olsen), 13.4. Arbejderbladet, København (Hans Kirk: "Nederlaget et Mesterværk!").

2. DNS, 20.4.1937. R: Hans Jacob Nilsen (i samarbeid med NG), S: Per Scwab, med m.a. Magda Blanc, Karl Bergmann, Arne Bang-Hansen, Hjørdis Ring og Lothar Lindtner. Instruktøren beundra særleg kontrasten mellom voldsomme massescener og stille tomannscener. Avismeldingar: 21.4. Morgenavisen (K.E.), Bergens Arbeiderblad. (A.P.), Bergens Aftenblad (N.-O.) + kommentar, Bergens Tidende (O.H.) + om musikken, Gula Tidend (H.S.), Arbeidet (J.B.O.), Dagen ( K. Marthinussen). 70 personar på scenen (medrekna statistar). 9 framsyningar, relativt få tilskodarar.

3. Det Kongelige Teater, København 4.12.1937. R+S: Svend Gade, Kost.: Ove Chr. Pedersen, M: Otto Mortensen. (Dansk omsetjing: Kaare Borchsenius) Bergens Arbeiderblad 18.1.38 siterer frå Paul la Cours artikkel i tidsskriftet "Tilskueren": Utan Gabrielle Langevin – i den merkelegaste scena i stykket – ville det heile blitt eit sosialt-radikalt lærestykke. No blir det stort drama og stor dikting. (Derimot hevdar Paul Gjesdahl etter premieren: "Hun [Gabrielle Langevin] er helt overflødig både for handlingen og stemningen.") 25 framsyningar.

4. Dramaten, Stocholm 15.4.1939. R: Sven Gade, S: Härje Ekman. 13 framsyningar. Avismeldingar: 16.4. Social-Demokraten, Sth. (Nils Berger); 25.4. Ny Dag, Sth.

5. Trøndelag Teater, 14.11.1945. R: Hans Stormoen, S: Kjell Stormoen, M: Sparre Olsen. Med m.a. Ole Grepp. ("Nordahl Griegs fulltreff som teatermann ... stykket som er blitt kalt et av de mest betydningsfulle dramatiske arbeider i den siste menneskealder i Norden," førehandsomtale i Adresseavisen 8.11.)

6. Det Kongelige Teater, København 5.12.45. R+S: Svend Gade, Kost.: Ove Chr. Pedersen, M: Otto Mortensen. I minneframsyning 6.12.1945 gjesta Gerd Grieg som Gabrielle. 16 framsyningar.

7. Nationaltheatret, 29.1.1946. Minneframsyning. R: Agnes Mowinckel, S: Willy Midelfart, M: Sparre Olsen.

8. DNS, 5.1.1950. R: Hans Stormoen, S: Per Schwab, M: Sparre Olsen. 18 framsyningar.

9. DNS, 1.11.1952. Barrikadescenen.

10. DNS, 10.11.1957. Akt V.

11. Oslo Nye Teater, 21.11.1958. R: Rønnaug Alten, S: Guy Krohg, M: Sparre Olsen.

12. Folketeatret, 1958, 42 framsyningar.

13. Radioteatret, 1.12.1958. R: Rønnaug Alten.

14. Fjernsynsteatret, 21.3.1966. Omarbeiding og regi: Per Bronken. S: Christian Egemar/Guy Krohg. Til då den største produksjonen i Fjernsynets historie. Omtalt i Aktuell 12/1971 (Jan Schwarzott). Ifølgje Aftenposten 22.3. ei vakker og fenglande og tidvis gripande framføring (A. Rønneberg).

15. DNS, 19.3.1971. R: Ole Grepp/Knut Thomassen, S: Christian Egemar. 100-årsdagen for Pariserkommunen og Bergen 900 år. 42 framsyningar, men ikkje fulle hus.

16. Royal Court Theatre eller Old Vic, London våren 1971: 100 år sidan Pariserkommunen (jf. Dagbladet 2.11.70).

17. Nationaltheatret, 2.11.72. Scenene frå kontoret i Frankrikes bank og kyrkjegarden på Montmartre, oppført i høve NGs 70-årsjubileum.

18. Radioteatret, 4.4.1973. R: Haakon Bjørn-Hansen.

19. DNS, 29.3.1974. Oppført scener i høve LOs 75-årsjubileum. R: Arne Jacobsen.

20. Århus Teater, februar 1978. Ifølgje Aarhus Stiftstidende spelt som "farverig folkekomedie".

21. Riksteatret, Det kgl. ridehus, Akershus festning, 21.6.1978 (førpremiere), premiere på Hamar 4.9.1978. R: Pål Løkkeberg (tekstleg tilrettelagt i samarbeid med Mette Sofie Nilsen og Jan Hårstad), S: Kari Gravklev. Stort sett bra avisomtale for oppfinnsom regi: 23.6. Hand.- og Sjøfartstidende (E. Gording), Morgenbladet (T.K. Kvaal), Arbeiderbladet (C. Middelthon), VG (L.H. Røed), BT (E. Eide), Aftenposten (O.-S. Andersen), Nationen (J. Ørjasæter); 29.6. Klassekampen (E. Hoem).

22. DNS, 18.3.1994. R: Stein Winge, S: Tine Schwab, M: Knut Skodvin. 40 framsyninar.

Utgjevingar

1. Nederlaget. Skuespil. Oslo: Gyldendal, 1937.

2. Nederlaget og utvalgte dikt. Ved Asbjørn Villum. Ss 15–132. Oslo: Gyldendal, 1949. (Asch.s og Gyld.s skoleutg. av mod. norske forf.) 2. oppl. i 1962, og 3. oppl. i 1970.

3. Nederlaget. Skuespill. Oslo : Gyldendal, 1966, 125 s. (Gyldendals moderne skuespillserie.)

4. Nederlaget. Kbh.: Gyldendal, 1966. 134 s.) Opptrykk etter originalutg.

5. Nederlaget. Bearbeidet for fjernsyn av Per Bronken. [Oslo 1966] 114 s.

6. Nederlaget; bearbeidet av Pål Løkkeberg i samarbeid med Mette Sofie Nilsen og Jan Hårstad. [Oslo]: Riksteatret, [1978], [6],131 bl.

På andre språk:

1. Defeat. A play of the Paris Commune. Omsett til engelsk av Eleanor Arkwright. London 1944. 87 s.

2. The defeat. Plays. Scandinavian of the twentieth century. (American-Scandinavian foundation. New York, 1944.) Ser. 2 N. Grieg, H. Krog, K. Munk, K. Abell.

3. Die Niederlage. Schauspiel in vier Akten. Omsett til tysk av Margarete Steffin. Forord av Odd Eidem. Berlin: Henschel & Sohn, 1947. 119 s.

4. La derrota. Teatro noruego contemporaneo. Omsett til spansk av Javier Armada Abella. Forord av Juan Eduardo Zúniga. Mexico: Aguilar, 1960. S. 3-429. 3 bl. (Teatro contemporaneo) Inneheld òg S. Christiansen: "En reise i natten" og H. Krog: "Oppbrudd".

5. Nederlaget. Omsett til svensk av G. Valentin i Tre pjäser om Pariserkommunen. (Saman med B. Brecht og A. Adamov). Sthm.: Pan/Norstedts, 1971. 371 s.

Litteratur om stykket

Av forfattaren:

1. "'Nederlaget' – Nordahl Griegs nye skuespill, er bygget over de historiske kjensgjerninger. I skikkelsene fra dengang ligger symbolisert mange av sosialismens muligheter." I Arbeidet 12.12.1936.

Intervju om kvifor NG valde Parisar-kommunen som emne for skodespelet. Trass i tittelen er det "det motsatte av en nederlagslinje jeg har tilsiktet, det er håpet, forpliktelsen til å gå videre, det er seierstroen jeg har villet gjøre sterkere".

Intervjuet også trykt i Arbeideren nokre dagar seinare.

2. "Nordahl Griegs nye skuespill om Pariserkommunen." I Arbeideren, 18.12.1936.

Intervju: "Jeg har ikke prøvd å aktualisere historien, men Pariser-Kommunens indre aktualitet idag tror jeg ligger i dagen. Pariserproletariatets kamp i 1871 og det spanske folks idag, har mange heltemodige og tragiske likhetspunkter. Mitt skuespill heter 'Nederlaget', men det er det motsatte av en nederlagslinje jeg har tilsiktet, det er håpet, forpliktelsen til å gå videre, det er seierstroen jeg har villet gjøre sterkere."

3. "Pariserkommunen har store paralleller med våre dager." I Arbeidet 4.3.1937.

Intervju i samband med at DNS har byrja prøvane på "Nederlaget".

4. Intervju i Arb.bl. 19.3.1937. NG hevder å ha slått opp et stort lerret og kjenner seg i slekt med freskomalarar, som han har prøvd å lage eit motstykke til: "Ordet, lyset, musikken skal nå over hele teaterrummet, skal splintre det."

5. "Forfattaren om sitt stykke." I Programbladet til DNS.

6. "En Samtale med Nordahl Grieg." I Arbejderbladet, København 2.9.1937.

M.a. kort om den foreståande oppsetjinga av "Nederlaget" på Det Kongelige Teater.

7. "Pariser-kommunen, som jeg ser den!" I Politiken, København 1.12.1937.

Intervju i samband med den foreståande premieren av "Nederlaget" på Det Kongelige Teater i regi av Sven Gade med m.a. Poul Reymert og Bodil Ipsen. Ifølge NG er det eit historisk skodespel, ein slags reportasje der han "viser i dramatiske Billeder hvorledes mennesket i blodige Tider staar over for Døden og Kærligheden". (Framsyninga blei ein suksess.)

Av andre:

"Jo mere jeg tenker på Nederlaget, desto større blir min beundring for din evne til å gi et voldsomt historisk stoff en scenisk fremstilling. Nederlaget vil nok bli stående som et av våre tids største skuespill. Mere overlegent enn du spiller på teatret i dette stykket kan ingen virtuos behandle sitt instrument. (Hans Jakob Nilsen i brev til NG i april 1937 – Nilsen 1997).

Monografiar

Bertolt Brechts skodespel, Die Tage der Commune (Kommunens dager), frå 1948-49 er eit slags motutkast til NGs Nederlaget, som Brecht vedgår å ha forsynt seg av (jf. Brechts forord).

1. Ingebrigtsen, Marit: Nordahl Griegs "Nederlaget" i lys av kildene / av ... og Reidar Skaug Høymork. Hovudoppgåve i norsk, Universitetet i Oslo, 1971.

2. Harberg, Steinar: Nordahl Grieg: "Nederlaget" og Bertolt Brecht: "Die Tage der Commune". En sammenligning. Hovudoppgåve i nordisk, Universitetet i Bergen, 1974.

3. Rynning, Karin Gjermundsen: Politisk teater : teori og praksis. Nordahl Griegs "Nederlaget" og Helge Krogs "Oppbrudd". 91 bl. Hovudoppgåve i nordisk, Universitetet i Trondheim, 1977.

4. Steen, Thorvald Prebensen: Hovedpersonene i "Nederlaget" av Nordahl Grieg. Hovudoppgåve i idehistorie, Universitetet i Oslo, 1983.

5. Lötvedt, Lene Mögster: Skuespilleren i praksis. En kritisk gjennomlysning av norsk og engelsk spillepraksis med analyse av "Nederlaget" og "A midsummernight's dream". III, 94, IV bl. Hovudoppgåve i teatervitskap, Universitetet i Bergen, 1995.

Artiklar:

"Det er længe siden, man har staat overfor et Stykke, der som dette kan konkurrere med de store gamle Dramatikere i omfattende og levende Figurtegning." (Fr. Schyberg).

1. Frisch, Hartvig: Om Nederlaget i Forum, des. 1937.

2. Schyberg, Fr.: Om Nederlaget i Forum, des. 1937.

3. Aanderaa, Johs.: "Bertolt Brecht og Nordahl Grieg" i E. Leiser/J. Aanderaa (red.): Bertolt Brecht. Oslo : Det norske Studentersamfunds kulturutvalg, 1958 (Brechts stykke er "langt mindre gripande" enn Griegs.)

4. Nag, Martin: "Nordahl Grieg og Bertolt Brecht" s. 36-52 i Pettersen m.fl. 1962.

5. Hummel, Eberhard: "Zu einigen Problemen der dramatischen Gestaltung der Pariser Kommune durch Bertolt Brecht und Nordahl Grieg" i Wissenschaftliche Zeitschrift der Ernst Moritz Arndt Universität Greifswald, Gesellschaftliche Reihe 12/1963.

6. Friese, Wilhelm: "Nordahl Grieg und Bertolt Brecht" i Etudes Germaniques, 22/1967.

7. Svensen, Åsfrid: "Sluttscenen i Nordahl Griegs Nederlaget. En kommentar." I Norsk litterær årbok 1970.

8. Rønneberg, Anton: "Nordahl Grieg: 'Nederlaget'" i Ti års fjernsynsteater. Oslo: Aschehoug, 1971. Revidert versjon av omtale i Aftenposten etter Fjernsteatrets oppsetjing 21.3.1966.

9. Svensen, Åsfrid: "Nordahl Grieg: Nederlaget." I Norsk dramatikk. Teksthefte til programmene i Skolekringkastinga 1972–73. Oslo: NRK.

10. Fischer, Gerhard: "The Paris Commune on the stage: Valles, Grieg, Brecht, Adamov. A comparative study about the representation of historical reality in modern theatre." Doktoravh. Michigan 1976. Også trykt: Frankfurt am Main: P. Lang, 1981.

11. Bjørneboe, Jens: "Nederlaget. Nordahl Grieg og Bertolt Brecht" i Om Brecht. Oslo: Pax, 1977.

12. Bohnen, Klaus: "Vom revolutionären 'Sinn' im 'naturlichen Gang der Dinge'. Nordahl Griegs Niederlage vor dem Hintergrund von Brechts 'Gegenentwurf' Die Tage der Commune" i Text & Kontext, 26/1988.

13. Programhefte Den Nationale Scene 6/1994, 51 s. med artiklar av m.a. Erling Gjelsvik, Ellen Lundby, Leif Longum og Tom Remlow.

VII. Svaneskriket

Eit skodespel om Wergeland, Welhaven og Camilla Collett. 8. april 1940 blei det ferdige skodespelet diskutert med regissøren Hans Jacob Nilsen. Stykket skulle setjast opp på Universitetsplassen, og publikum skulle plasserast på ein tribune over Carl Johans gate. (Jf. Borgen 1945). Hans Jakob Nilsen tenkte på stykket kvar gong han gjekk over Universitetsplassen og bygde scenene opp i tankane: "Engang skal det spilles der, og bli det største monument ov.er din diktning som du har skapt, Nordahl!" (Brev til NG 14.11.1942 – Nilsen 1997).

Nils Lie hadde lese manuskriptet: "Det var omtrent halvferdig og er noe av det løfterikeste jeg har lest. Selvfølgelig var det begeistringen for dikteren Wergeland som inspirerte ham." (GAM 2/1977). Skodespelet blei borte under krigen, og det finst berre utdrag bevart. NG meinte det var eit svært så vanskeleg stykke å skrive: "Keats har rett i at det er ingenting så upoetisk som poeten; ihvertfald hvis drama er handling, er dikterne absurde å innføre, for det typiske ved dem er jo akkurat dette at de ikke handler." (Brev til N. Lie 13.1.40).

Filmmanuskript:

Større kriger ; Edvard Grieg. Utkast til to filmmanuskript skrive i London 1940-41 og funne att i Oslo 1989. Originaltitlar: Greater wars, Edvard Grieg.

Oppsetjingar

Nationaltheatret 27.4.1990. Omsetjing, dramatisering, tilrettelegging og regi: Bjørn Sæther, S: P.O.A. Austdahl. Rollehefte, 103 bl.

Utgjevingar

Større kriger og Edvard Grieg. Omsett av Brikt Jensen. Oslo: Gyldendal, 1990. 91 s.

Teateroppføringar om NG

1. Nordahl Grieg Teateret: Bli fremfor alt ikke trette. Eit stykke om Nordahl Grieg basert på tekstane hans, framført av Nordahl Grieg Teateret. Premiere på Bryggens museum 2.11.1980. R: Edvard Hoem, S: Bjørn Krzywinski, M: Knut Skodvin. I mai 1981 hadde Nordahl Grieg Teateret planar om å oppføre Nordahl Griegs Barrabas som rockopera, men framsyninga blei ikkje realisert. Knut Skodvins musikk eksisterer visstnok.

2. Wiik, Steinar: Ung må verden ennu være. Eit samansett program om Nordahl Grieg. Tekstar av Nordahl Grieg med samanbindande tekst på bokmål. Oppført av Sogn og Fjordane Teater i Førde 13.2.1987. Regi: Jon Heggedal. 2 framsyningar.

Rollehefte 1987. 17 bl.

3. Gjelsvik, Erling: Nordahl i våre hjerter. En musikal over Nordahl Griegs liv. Oppført ved DNS 16.03.1990. R: Svein Sturla Hungnes, S: Rolf Alme, Kostyme: William, Koreografi: David Toguri, M: Knut Skodvin. 52 framsyningar.

Utgitt Bergen: DNS/Eide, 1990. 136 s.

Skodespel om NG:

Nag, Martin: Kamerat Nordahl, eller Grieg i Moskva. Skuespill. S. 35-72 i Nag, M.: Ildsjel. Oslo: Solum, 1983. 72 s.

Samla skodespel etc.

1. Samlede verker. Minneutgave. Oslo: Gyldendal, 1947. 7 b. Bind 4: En ung manns kjærlighet. Barrabas. Atlanterhavet.Vår ære og vår makt. 327 s. Bind 5: Men i morgen- ; Nederlaget. 281 s.

2. Skuespill. En ung manns kjærlighet. Barrabas. Atlanterhavet. Vår ære og vår makt. Men imorgen -. Nederlaget. Oslo: Gyldendal, 1948. 605 s.

3. Samlede verker. 2. utg. Oslo: Gyldendal, 1952. 3 b. B. 2: Barrabas. Vår ære og vår makt. Men imorgen-. Nederlaget. 461 s.

4. Vår ære og vår makt. Nederlaget. Med innl. av Odd Hølaas. Oslo: Gyldendal, 1967, X, 179 s. Norges nasjonallitteratur, Bind 29.

5. Skuespill. Oslo: Gyldendal, 1975 : 2 b. B 1. En ung manns kjærlighet. Barrabas. Atlanterhavet. Vår ære og vår makt. 180 s. B. 2. Men imorgen -. Nederlaget. 145 s.

På andre språk:

1. P'esy. Ne zavtra. Porazenie. (Nederlaget. Men imorgen-) Omsett til russisk av K. Teljatnikova. Moskva 1960. 228 s. 2 bl.

2. Dramen. Ausgewählte Werke in Einzelausgaben. Berlin: Volk und Welt, 1968, 389 s. Inneheld Barrabas. Vår ære og vår makt. Men i morgen– og Nederlaget. Omsette til tysk av U. Birckholz, R. Kähler og M. Steffin. Redigert av Horst Bien.

Generell litteratur om dramatikken og dramatikaren

Monografiar:

1. Engberg, Harald: Nordahl Grieg og tidens drama. København: Aschehoug, 1946.

2. Halvorsen, Ola: Nordahl Grieg. Hans samfunnssyn og politiske utviklingsgang. Hovudoppgåve i norsk, Universitetet i Oslo, 1950.

3. Lunde, Aage: Nordahl Grieg som dramatiker. Hovudoppgåve i norsk, Universitetet i Oslo, 1954.

4. Nag, Martin: Streiflys. Nordahl Grieg på ny. Essays. Oslo: Ny dag, 1967.

5. Krogvig, Svein: Barrabas-motivet i Nordahl Griegs ungdomsdramatikk. Hovudoppgåve i norsk, Universitetet i Oslo, 1967.

6. Holm, Ole Petter: Kritikerreaksjoner på Nordahl Griegs tre siste skuespill og litt om striden omkring dem. Hovudoppgåve i nordisk, Universitetet i Bergen, 1972.

7. Penne, Sylvi Johanne: Veien til Moskva. Nordahl Grieg 1927-1933. Hovudoppgåve i norsk, Universitetet i Oslo, 1973.

8. Enoksen, Knut: Teatret i politikkens tjeneste. Nordahl Griegs "Vår ære og vår makt" og "Men imorgen -" . Forutsetninger, analyse og kritisk vurdering. 126 bl. Hovudoppgåve i nordisk, Universitetet i Trondheim, 1976.

9. Nygaard, Knut og Eide, Eiliv: Den nationale scene 1931-1976. Oslo 1977

10. Helland, John Kristian: Om litteratur og kunst i Nordahl Griegs tidsskrift "Veien frem". Hovudoppgåve i nordisk, Universitetet i Oslo, 1980.

11. Grandal, Bjarne: Nordahl Griegs litteratursyn. Hovudoppgåve i nordisk, Universitetet i Bergen, 1986.

Artiklar

1. Dalgard, Olav: "Nordahl Grieg". I Kamp og Kultur 2/1937.

2. Storstein, Olav: "Nordahl Grieg". I Det 20de Århundre. Mot Dag 4/1937.

3. Rønneberg, Anton: "NG og norsk teater". Kronikk i Aftenposten 26.5.1945.

4. Nedergaard, Leif: om Nordahl Grieg i tidsskriftet Litteratur, Kb.havn 1946, sitert i Friheten 27.6.1946: "Motsetningen Nordahl Grieg – Kai Munck." Grieg som fonyar av dramaet.

4. Borgen, Johan: "Om Grieg som dramatiker" i Kvinnen og Tiden, nov. 1952.

5. Nilsen, Hans Jacob: "Nordahl Grieg og teatret" i Kvinnen og Tiden, nov. 1952.

6. Digernes, Ivar: "Han hadde noe på hjertet". Artikkel skrive for tidsskriftet Ringen 1. november 1957. Trykt i Pettersen m.fl. 1962: 11-16. Litt om den manglande interessa for dramatikaren NG.

7. Borgen, Johan: "Nordahl Grieg og teatret" i Fossegrimen 1/1962.

8. Dalgard, Olav: "Nordahl Grieg, der Dramatiker" i Wissenschaftliche Zeitschrift der Ernst Moritz Arndt Universität Greifswald, Gesellschaftliche Reihe 12/1963.

9. Nag, Martin: "Meyerhold og Nordahl Grieg." I Profil 5/1965.

10. Bien, Horst: "Zur Bedeutung des Films für die Dramen Nordahl Griegs" i Nordeuropa. Jahrbuch für nordische Studien, I, 1966. Også trykti: Växelverkan mellan skönlitteraturen och andra konstartar. Uppsala: Student Service, 1967.

11. Gravier, Maurice: "Hommage à Henrik Ibsen et à Nordahl Grieg" i Etudes Germaniques, 22/1967.

12. Bien, Horst: Etterord i tysk utg. i 1968. Jf denne.

13. Irgens, Ole Tschudi: "Nordahl Grieg – vår Benjamin" i Morgenavisen 28.10.1972.

14. Bien, Horst: "Revolusjonens røst i Helge Krogs og Nordahl Griegs dramatikk" i Wrede, Johan et al (red.): 20th Century Drama in Scandinavia. Proceedings of the 12th Study Conference of the International Association for Scandinavian Studies, 1978. Helsinki universitet, 1979.

15. Jurickova, M.: "Das dramatische Werk von Nordahl Grieg im Kampf gegen Krieg und Faschismus." I Brünner Beiträge zur Germanistik und Nordistik 6/1988.

16. Næss, Trine: Fleire kapittel om NG, særleg ss. 94–96, 231–243, i Mellomkrigstidens teater i den norske hovedstaden. Forholdet til det ikke-realistiske utenlandske teater. Oslo: Solum, 1994.
Skrevet av Jan Olav Gatland i 1998.
Publisert 03.02.2015, sist endret 20.03.2015 - 17:57
Side-alternativer