Bokmerke

Ein kvar som har lese ei bok har kjent behovet for å markera kor langt ein er komen når ein må leggja boka frå seg. Alt som kan smettast inn mellom to boksider kan gjera nytta. Men parallelt med dei mange ad hoc-løysingane folk har funne hjelp i, finst det ein heil tradisjon for heimelaga og industriproduserte bokmerke.

Det finst ikkje større utstillingar eller samlingar av norske bokmerke, trass i at førekomsten er så stor. Litteratur om dei finst heller ikkje, seier Einar Økland.

bokmerke_leksikon

HISTORISK TILBAKEBLIKK

Bokmerka blei først laga for hand, men som følgje av den industrielle utviklinga blei dei etter kvart masseproduserte. Trykte i store opplag på billeg papirmateriale, blei bokmerket ein artikkel firma og organisasjonar byrja gi bort gratis. okland_nidar

Bokmerka kan grupperast etter motiv, tidsepoke, materialtype eller utgivar. Denne samlinga tar hovudsakleg for seg det masseproduserte bokmerket som blei nytta til reklame og informasjon.
bokmerke_holberg_antikvariat

På flickr kan du bla i bileta, kommentere dei og dele dei med andre.

bokmerke-flickr

 
 
 
Publisert 27.02.2013, sist endret 27.02.2013 - 16:15
Side-alternativer

© Copyright: Illustrasjonar er beskytta iht. Lov om opphavsrett til åndsverk av 1961. Utover privat bruk er gjengivelse/reproduksjon av verna illustrasjonar ikkje tillatt utan etter avtale med rettighetshaver v/BONO. Kontakt BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge) for rettighetsklarering: www.bono.no. For tekst på sida gjeld følgande lisens: Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge (CC BY-NC-SA 3.0).Illustrasjoner og bilder på sida ligg i Einar Øklands private samling og er digitalisert av Bergen 0ffentlige Bibliotek.