Fight Apathy: Christiansand protestfestival : 46 artister 31 nyinnspillinger

Protestfestivalen i Kristiansand har som slagord at den "ønsker å være en protest mot avmakt og likegyldighet, for engasjement og handling."

Festivalen, som i fjor markerte 10-årsjubileum, føregjekk i perioden 4.-13. september - midt i dei tjukkaste valgkamptidene. Med slagord utplanka i øst og vest (eller frå venstre mot høgre) og med ei felles vilje til å ”bekjempe apatien” etter overgangen til eit nytt tusenår, blei også denne samlinga utgitt på dobbel-cd. 46 artister og 31 nyinnspillinger er undertittelen og betre skildra kan det vel knapt gjerast. Fight Apathy er eit einaste langt musikalsk protesttog og inkluderar blant anna artistar som Åge Alexandersen, Delbert McClinton, Kris Kristoffersen, Bjørn Berge, Jonas Fjeld, Claudia Scott, Noora Noor og coverversjonar av alt frå Bob Dylan, John Lennon og Woodie Guthrie til Mikael Wiehe og Johnny Cash.

  • Årets festival går av stabelen 10.-19. september. Sjekk ut festivalen si heimeside for oppdatert program. 

 

Publisert 31.08.2010, sist endret 31.08.2010 - 08:01
Side-alternativer