Kråkesølv – Bomtur til jorda

Kråkesølv er tilbake på jorda igjen. Er du klar for runde to?

Lista blei plassert særs høgt når Kråkesølv i 2009 debuterte med den smekre skiva Trådnøsting. Ein kombinasjon av mjuk popsensibilitet iblanda nordnorsk melankoli gjorde Bodø-bandet til eit heit namn på mange lepper. Saman med til dømes John Olav Nilsen & Gjengen skal Kråkesølv ha mykje av æra for at norskspråkeleg popmusikk har blitt interessant igjen. 

Å døype oppfyljaren for ”Bomtur til jorda” lyser kanskje ikkje av overdriven optimisme. Er det kanskje ein forsvarsmekanisme for å gardere seg mot ein eventuell…ja kommersiell og artistisk bomtur. Vel, det er nok heller tvilsamt. For bandet har nemleg stor tru på det same musikalske formularet som fikk eit så vellukka uttrykk på debuten. Det at Kråkesølv takka nei til å være nominert til Statoil-stipendet på 800 000, sikkert naudsynte - men i fylje bandet, miljøfiendtlege kroner, vitnar då også om eit band som ikkje går på akkord med sine prinsipp.

På den nye plata har gutane fått produsenthjelp av Øystein Greni (Big Bang) og lydbiletet har fått ein frisk og rund frisering. Med mjuke strek av post-rock, tunge og dvelande (nesten) Motorpsycho-aktige parti og tekstar som kjennast både jordnære og fantasifulle ut, er det berre å konstatere at Kråkesølv igjen leverar varene. Riktig nok står mykje av materialet fram som mindre umiddelbart enn førre gong, men samstundes har dei laga låtar som sakte men sikkert smyg seg inn og varmer huda.  

Favorittar: ”Glømte Barndomsminna, Baobabtreets Muligheta og (Utan Tittel).

Publisert 10.01.2011, sist endret 10.01.2011 - 13:02
Side-alternativer
Kategorier: