Nye plater - innkjøpsordningen for norsk musikk

Norsk kulturråd støtter produksjon av norsk musikk ved fire ganger i året å sende utvalgt musikk innen alle genre til bibliotekene. Fjerde runde av innkjøpsordningen for 2009 er nå kommet.


DonkeyboyDonkeyboy – Caught in a life
Warner (2009)

Med den fengande sommarhiten Ambitions fikk drammensbandet Donkeyboy sitt store gjennombrot her til lands. Debutalbumet Caught in a life har allereie solgt i bøtter og spann med sin radiovennlege og synthdrevne pop, og i likheit med sine turnévennar a-ha har også Donkeyboy minst eit bein trygt forplanta i det glade åttitalet. Med vokalhjelp frå tidlegare Idol-deltakar Linnea Dale på sine to fyrste singlar Ambitions og Sometimes, har Donkeyboy levert eit uskyldsreint og pent album som vil snurre på mang ein platespelar i tida framover. 

MySpace


dodpopDødpop – Vol.1
Dødpop (2009)

Den unge sjangeren Skweee har sitt opphav i våre naboland Sverige og Finland og er ein synthbasert sjanger som kan seiast å fusjonere elektronika, funk og r&b. Som namnet tilseier er målet å presse eller ”squeeze” mest moglege underlege lydar ut av synthesizeren og kombinere dette med funky beats og rytmar. Selskapet Dødpop er foreløpig det einaste i Noreg som har spesialisert seg på sjangeren og introduserar her eit knippe norske og internasjonale skweee-artistar som har vore med på å etablere denne musikkforma. Vol.1 er som ein psykedelisk gameboy-kveld på ein heftig hiphop-klubb og er du i den type av stemning kan denne kolleksjonen absolutt vere å anbefale.


Pilemil - If You Make a Lot of Ceramics; Ceramics Will Make a Lot of You as Well
Metronomicon Audio (2009)

Det har kome eindel snadder frå plateselskapet Metronomicon Audio dei siste åra. Koppen, Magnus Moriarty og Truls and The Trees er blant dei fine artistane som den (i storleik svært avgrensa) Oslo-baserte labelen har presentert. Pilemil er eit nytt tilskot i stallen og gruppa debuterar her med det som må vere blant 2009 sine lengste albumtitlar. Trass i at albumet ikkje strekk seg lenger enn knappe halvtimen bulmar det likevel over av musikalsk utforsking og leik. Snurrige popmelodiar, synth-brusing, Pavement-aktige melodilinjer, hyllingar til keramikk-kunsten og ikkje openbart a4 eller p4-catchy vokal, blir ståande som stikkord her. 

MySpace


kraakesolv.jpgKråkesølv - Trådnøsting
Diger (2009)

I likheit med bergenske John Olav Nilsen & Gjengen viser Bodø-kvartetten Kråkesølv oss at det går an å lage smittande fin rock og samstundes synge på si eiga dialekt. Trådnøsting var ei av dei mest omsnakka norske debutane i fjor og eit samla anmeldarkorps har gitt skiva svært sjenerøs mottaking. Den tonemessige inspirasjon synast å komme frå amerikansk post- og indierock (Built to Spill, Death Cab For Cutie), og kanskje også trønderske Motorpsycho, men bandet frå nord har i sum funnet eit uttrykk som får dei til å skilje seg ut frå mengda. Songen Privat regn har fått høg rotasjon på radio i det siste, men debutskiva formeleg bulmar over av gode melodiar som vil kunne gjere Kråkesølv relevante og interessante i lang tid framover.

MySpace


Go’natt - Go’natt
Jazzland (2009)

Go’natt presenterer voggeviser for både born og vaksne. Involvert på albumet er blant anna Silje Nergaard, Solveig Slettahjell og Kari Bremnes. Bugge Wesseltoft har lagt ei faderleg hand over det heile som produsent og innspelingsleiar. Som vi kan lese i coverbladet var hensikta med prosjektet ”å lage ei Go`Natt-plate med kjente og ukjente melodiar som har gått i arv”. Utgjevinga inneheld oppdaterte versjonar av kjente og ukjente godnatt-songar som ”Byssan Lull”, ”Vuggevise” og ”So Ro Lillemann”. Resultatet har blitt eit svært så søvndyssande prosjekt du kan ta med deg inn i den mørke vinternatta.


O.S.A: Øresus og Nesegrus
MBN (2009)

Når Norsk Rockeforbund ynskja seg eit bestillingsverk til sitt 25 års-jubileum i 2007 kontakta dei Håkon Gebhardt. Ex-Motorpsychoen var interessert og tok vidare kontakt med ein bråte av norsk rock sine leiande musikantar og spurte om dei ville bidra. Det var det mange som ville og resultatet blei Øresus og Nesegrus. Artistar frå blant anna Cato Salsa Experience, Serena-Maneesh, El Caco og My Midnight Creeps trår til når Gebhardt igjen plasserar seg bak trommesettet og hyllar musikken som har inspirert han gjennom ei lang karriere. Albumet boblar over av energi og vekslar friskt mellom ulike stilartar innanfor det allsidige rock og pop-segmentet. Tekstane formulerast både på norsk og engelsk (og til og med på nynorsk, til dømes i låta ”Spele på Gitar” med Anne Lise Frøkedal). Sjansen for øyresus er kanskje ikkje veldig stor, då er nok risikoen heller større for at du endar opp i ”nasegrus” beundring over det Håkon Gebhardt igjen leverar.

MySpace


Diverse artister: Syngende Skuespillere
Normann Records (2009)

Ved å børste støv av gamle lydopptak gjer Normann Records mykje rett for å ta vare på den norske kulturarva. Selskapet presenterar her ei samling med norske skodespelarar som gjer ting litt på sida av deira meir kjende talent. Nemleg å synge. Her kan vi høyre kjente og halvkjente skodespelarar som Wenche Foss, Kirsten Heiberg, Alfred Maurstad, Tore Foss og Per Aabel reinske strupane til spretne og knitrande melodiar som befinn seg eit godt stykke unna dagens populærmusikk. Opptaka er henta frå gamle 78-plater og vil nok vere ein gledeleg nostalgisk skatt for mang ei bestemor eller bestefar. 


Maja S.K. Ratkje: Music for Gardening
Pica Disk (2009)

Med ei støyplate som skal inspirere lyttaren til å gå ut i hagen og stelle med plantene, bygger Maja S.K. Ratkje og Lasse Marhaug vidare på sin ”Music For”-serie. Der dei tidlegare har lagd musikk til Shopping (2002), Loving (2004) og Faking (2005), er det denne gangen dine botaniske lyster som skal bli tilfredsstilt. Om det faktisk er det som blir resultatet spørjast vel, men Ratkje og Marhaug syner seg igjen som leiande musikantar innanfor norsk samtids og støymusikk.

MySpace


Lama: Look What You Made Us Do
Spoon Train Audio (2009)

Look What You Made Us Do er det andre albumet til det Oslo-baserte bandet Lama og kjem kun kort tid etter at debutplata var å finne i butikkane. Fronta av det tidlegare Jaga Jazzist-medlemmet Nils Martin Larsen komponerer den produktive gjengen i Lama eksperimentell og svevande postrock i tradisjonen til Sigur Rós, Mew og Explosions In The Sky. Og som med nemnte referansar er det gjerne dynamikken mellom det storslåtte pompøse og det meir dempa uttrykket som blir ståande i fokus. Tidvis malast det på med tjukk rockepensel og blåsast fram store crescendo, andre gongar senkast vi ned i mjuke akustiske dalføre.

MySpace


Jahn Teigen: 40 største hits
EMI Music Norway (2009)

Sjølv etter å ha passert 60 somrar og vintre held framleis Jahn Teigen koken. Med ei rekkje utsolgte konsertar og show i fjor latar det også til at den evigunge entertaineren er populær som aldri før. Kva passer då betre enn å oppsummere ei langt over gjennomsnittet innhaldsrik pop-karriere? EMI Music gjev her ut 40 av Jahn Teigen sine folkekjære melodiar og det skal dermed godt gjerast å ikkje finne favoritten sin her. Samlinga inneheld låtar spreidd over eit stort tidsrom og velkjente titlar som "Min største kjærlighet", "Glasnost", "Optimist", "Mil etter mil" og "Det vakreste som fins" er sjølvsagt inkludert.


Egil Olsen – Nothing Like The Love I Have For You
Iknowwhatyoudidlastrecords (2009)

Sunnmøringen Egil Olsen har forflytta seg frå Ørsta til hovudstaden, men komponerar framleis lun visepop krydra med finurlege og morosame tekstar. På Nothing Like The Love I Have For You er det duka for fjorten nye viser, dei fleste av dei gitar- og piano-baserte og alle samen fargelagt av Olsen si klokkeklare songstemme og humoristiske skildringar av verda rundt han. Ved å tilføye blant anna blåsarar, strykarar og steel-gitar har albumet fått eit rikt lydbilete. Bidrag frå vennar som Thom Hell og Jenny Hval (Rockettothesky) har også gjort sitt til at dette har blitt eit ganske sukkersøtt og pent album. 

MySpace


Christine Sandtorv: Stjerneteller – Godnattsanger
Ifemmera Records (2009)

Å lulle dei håpefulle i søvn kan vere ei lita utfordring for kvar og ein. Hyggeleg då at Christine Sandtorv, best kjent frå bergensbandet Ephemera, med sitt nye album Stjerneteller ynskjer å gje deg ei hjelpande hand. I likheit med den Bugge Wesseltoft-produserte cd-en Go’natt klinkar Christine Sandtorv her til med ei skikkelig søvnpille av eit album. Ho har fått vokalhjelp frå byfrendar som William Hut og Bjarte Hjelmeland, samt kusinebarna Marte og Tina (9 år) og utgjevinga inneheld ei vennleg samling pysjamas-songar som kan vere til glede for både barn og vaksne når klokka nærmar seg sengetid.

MySpace


Torbjørn Dyrud: Alabaster Box Liturgy
Grappa Musikkforlag (2009)

Pianist og komponist Torbjørn Dyrud (f.1974) arbeidar hovudsakleg med improvisasjon og har  haldt konsertar i fleire av våre domkirker. I 2008 plasserte han seg framfor det mektige Jürgen Ahrend-orgelet i Mariakirken i Gran og i løpet av to dagar improviserte Dyrud fram fleire av dei melodiøse stykka som vi kan høyre på Alabaster Box Liturgy.  

MySpace


John Olav Nilsen & Gjengen: For Sant Til Å Være Godt
Voices Of Wonder (2009)

For Loddefjord-artisten John Olav Nilsen og Gjengen hans var fjoråret ei skikkelig triumfferd. Utsolgte konsertar på store arenaer som USF Verftet i Bergen og Rockefeller i Oslo vitnar om eit band som verkeleg trefte ei nerve i folket. Debutalbumet For Sant Til Å Være Godt blei då også uhyre godt motteken blant både presse og publikum. Særleg framheva journalistane Nilsen si evne til å formulere ærleg og skildrande gatepoesi på klingande bergensdialekt, og i følgje med musikalske referansar som The Clash, Dexys Midnight Runners og Håkan Hellstrøm blei albumet plassert på mange årsbeste-lister mot slutten av 2009.      

MySpace


Daniel Dama og Terje Baugerød: Fulanistemmer – Daade Fulbe
Det Norske Misjonsselskap (2009)

Misjonæren Daniel Lama frå Mali og organisten Terje Baugrød presenterar afrikansk tradisjonsmusikk med ein norsk tvist. Råmaterialet blei tatt opp i studioet Baugrød og kollegaer sette opp i det afrikanske landet og musikken blei seinare instrumentelt bearbeida i Noreg. Lama og Baugrød har sidan turnert eindel saman i Noreg, blant anna med målsetning om å skape interesse for misjonsarbeid i Mali. 


Adjágas: Mánu Rávdnji
Trust Me Records (2009)

Adjágas opplevde formidabel suksess med den sjølvtitulerte debutskiva i 2005. Kanskje litt uventa eigentleg, for samisk joik drapert i mjuk popvennleg form er vel ikkje den sikraste innartiar. Men fint var det uansett. Godt då at Lawra Somby og Sara Marielle Gaup her tek opp tråden frå førre gong. Manu Rávdnji (av samisk: månestrøm) er meditativ, vinterkledd slette-blues, sunge på samisk, men med engelsk oversetjing i coverbladet. Til forskjell frå sist har bandet også tiltrekt seg musikarar av internasjonalt kaliber. Håkon Gebhart (ex-Motorpsycho) og Andreas  Mjøs (Jaga Jazzist) både spelar og produserar på albumet og har definitivt gjort ein god jobb. Men hovudpersonane er utvilsamt Somby og Gaup som på nydeleg vis har oppfriska ein uttrykksform ofte redusert til spott og spe.

MySpace


Stavangerensemblet: Samlekasse
West Audio (2009)

Stavangerensemblet var samen med Mods, Asfalt og Smalhans blant dei viktigaste rockebanda innanfor det som blei kalla stavangerbølga på starten av 80-tallet. Samlekasse er som namnet tilseier ei samleplate som inneheld 19 innspelingar frå perioden 1980-1984, samt to flunkande nye låtar. Utgjevinga inneheld også ein DVD med konsertopptak frå Drammenshallen i 1981, i tillegg til eit par fjernsynsklipp.

Kjelde: http://no.wikipedia.org/wiki/Samlekasse


Rebekka Karijord: The Noble Art of Letting Go
Lill Facit Records (2009)

Rebekka Karijord frå Sandnessjøen har mange jarn i ilden. Som Stockholms-basert skodespelar, som styrar av eige plateselskap (Lillfacit Records) og som produktiv musikar. The Noble Art of Letting Go er hennar tredje album -  det første på eigen label. Fleire av låtane har allereie blitt distribuert gjennom lydsporet til Margreth Olin-filmen Engelen og syner ein artist som har tona ned nokre av dei mest teatralske faktene frå dei to førre albuma. Nedstrippa og lun popmusikk i landskapet til Tori Amos og Ane Brun er det som står att.

MySpace


Leif Ove Andsnes: Mussorgsky & Schumann
Emi Classics (2009)

Vår verdskjende pianist Leif Ove Andsnes har her slått seg samen med den sør-afrikanske bildekunstnaren Robin Rhode og skapt det visuelle kunstprosjektet Pictures Reframed. Med utgangspunkt i Modest Músorgskij sin Pictures At An Exhibition går Andsnes så definitivt nye vegar med sin klassiske musikk.

MySpace


Immortal: All Shall Fall
Nuclear Blast (2009)

All Shall Fall er black metal-bandet Immortal sitt ”comeback”-album. Bergensgruppa kom med førre skive tilbake i 2003 og mange har nok venta ivrig på nye metalliske bidrag. Og skuffa blir dei nok heller ikkje. All Shall Fail er steintøft, mørkt og melodiøst.

MySpace


Gjermund Larsen og Bom Basker: Går i fjøs
Øra Musikk (2009)

Går i Fjøs er ei barneplate med mykje leik, rim og rap. Den prislønna folkemusikanten Gjermund Larsen (fele) har slått seg saman med Frode Haltli (trekkspill), songar Runa Hestad Jenssen og rapparen Trond Wigger frå gruppa G.O.D.S på det som har blitt eit spennande møte mellom tradisjonelt sett ganske så ulike stilartar. I det medfyljande presseskrivet står det at ”tanken bak utgivelsen er et ønske om å presentere tradisjonelle barnesanger i ny drakt, med nykomponert musikk og utradisjonelle arrangement for fele, akkordeon, sang og rap”. Larsen har plukka ut materialet frå songane han sjølv fikk høyre under oppveksten heime i Verdal. Koplinga av rap og folkemusikk er utvilsamt ein ny og frisk måte å presentere potensielt gløymde barnesongar til den nye generasjonen.


Hanne Hukkelberg: Blood from a Stone
Propeller Recordings (2009)

Frå Berlin til Senja. Der låtane på Hanne Hukkelberg si førre plate Rykestrasse 68 blei skreve ned i den tyske storbyen, er det denne gangen det nordnorske kjølige landskapet som har gitt den tekstlege og musikalske inspirasjonen. Hukkelberg har sjølv sagt at den nordnorske stillheita gav henne lyst til å bråke meir på det nye albumet og Blood From A Stone har blitt litt meir støyrikt enn vanleg. Og når vi snakkar om folk som kan støye er det også verdt å merke seg at Hurra Torpedo-medlemmane Egil Hegerberg og Aslag Guttormsgaard er kreditert på skiva med frysar og komfyr, i tillegg til at også Bent Sæther frå Motorpsycho har gitt ei hjelpande hand.

MySpace


Christianssand String Swing Ensemble: Christianssand String Swing Ensemble
CSSE Records (2009)

Det sørlandske ensemblet har servert energisk og leiken jazz i godt og vel ti år. På repertoaret står både sigøynarjazz, franske chansons, austeuropeisk folkemusikk, tysk kabaret og sirkusmusikk. Christianssand String Swing Ensemble har ry på seg for å vere eit heidundrande godt liveband, men dei smått teatralske tonane smittar like godt i albumformat.

MySpace


Sivert Höyem – Moon Landing
Hektor Grammofon (2009)

Sivert Höyem skriv no etternamnet sitt med tødlar, men musikalsk er mykje framleis ved sitt gode gamle. Moon Landing plasserar seg fint inn i eit elektrisk rockelandskap krydra med enkelte innslag av country og folk. Den tidlegare Madrugada-vokalisten har ei karakteristisk djup røyst og musikken kan seiast å dampe av eit melankolsk nordnorsk sinnelag. Tittelsporet og singelen Moon Landing har surra og gått på radio i det siste og er ganske representativ for musikken her. Ikkje så langt unna det Madrugada gjorde, men samstundes har Höyem funne fram til sitt eige utrykk som soloartist.

MySpace


Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch: Come Home
Heilo (2009)

Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch har i lang tid markert seg som to av Noregs fremste og mest interessante folkemusikantar. Med hardingfele og trøorgel som viktigaste lydbærar leverar duoen her eit album reinska for dei store utblåsingar, men som likefullt har fått eit jordnært og pent uttrykk. Fleire av låtane er nykomponert for anleiinga, andre er tradisjonsrike ”slåttar” dei sjølv har hatt eit nært forhold til.


Annie: Don't Stop
Smalltown Supersound (2009)

Etter braksuksessen med Anniemal (2004) har forventningane vore store til Anne Strand, betre kjent som Annie, sitt nye album. Og ho skuffer då heller ikkje. Don't Stop innbyr til catchy elektronisk popmusikk der både lydbiletet og estetikken har minst ein fot forplanta i åttitalet. Og sjølv om kanskje albumet inneheld færre umiddelbare hitsinglar ala Chewing Gum og Heartbeat, lagar Annie framleis heftig og dansevennleg klubbmusikk.

MySpace


The Royalties – The New Royalties
Music For Records (2009)

Bergensbaserte The Royalties lagar klassisk popmusikk av kaliberet vi forventar komme frå byen mellom dei sju fjell. Tittelen på deira tredje utgjeving har fått døypenamnet The New Royalties, grunna at to av fem har slutta i gruppa sidan den populære debuten kom ut i 2007. Det nye albumet inneheld hint av både psykedelia, orkesterpop og lounge-musikk og det kjennast nærliggande å samanlikne med namn som The Beatles, Beach Boys, Pogo Pops og XTC. Men referansar…schmeferansar; fyrst og fremst talar vi her om feiande flott popmusikk.  

MySpace


Seven Winds – Seven Winds
Heilo (2009)

Dei Nynorske Festspela spurte i 2008 folkemusikk-trioen Seven Winds om å lage eit bestillingsverk basert på tekstane til Hardanger-diktaren Olav.H Hauge. Tekstane til Hauge blei sidan omforvalta til eit variert musikalsk kakestykke som gjekk gjennom landskap av både funk, vise, folk og jazz. Seven Winds, som består av Unni Løvlid (vokal), Becaye Aw (gitar, vokal) og Rolf-Erik Nystrøm (saksofon, vokal),  har i seinare tid samarbeida med artistar frå alle verdshjørne og Hauge si dikting har blitt omsett til ei rekkje ulike språk, der 16 av desse er å lese i coverbladet.   


Superfamily: Guns Tonight
Propeller Recordings (2009)

Mossekråkene i Superfamily er tilbake. Den førre skiva Warszawa (2007) blei svært godt motteken, året enda då også med Spellemannpris og to Alarmprisar. Fleire synsarar har sagt at Guns Tonight manglar dei umiddelbare radiohitane frå førregåande album, men at albumet er jamnare og meir heilskapleg enn før. Det går det fint an å skrive under på. Albumet har eit heller ukvast og avkjølt lydbilete. Det er heller ikkje det einaste kjølige her, for som vanleg kretsar den tekstlege tematikken rundt kald krig og teknologi. 

MySpace


Mari Persen – Mari Persen
Music For Records (2009)

by:Larm-aktuelle Mari Persen har du sikkert hørt før, utan eigentleg å legge merke til det. For artisten frå Voss har nemleg delteke på låtar med både Madrugada, Real Ones, Sondre Lerche og Mathias Tellez før. Dette er derimot hennar debut som soloartist og albumet har blitt motteken med flotte superlativar og mykje speletid på radioen. For den som ynskjer seg popmusikk med romantiske Disney-aktige strykearrangement og eit elegant, jazzvennleg uttrykk kan Mari Persen trygt anbefalast. 

MySpace


Nils-Aslak Valkeapää – Vuoi, Biret-Maaret, vuoi
DAT (2009)

Den avdøde samiske multikunstnaren Nils-Aslak Valkeapää var både biletkunstnar, dikter og komponist. I tillegg var han den fyrste samen som blei tildelt Nordisk Råds litteraturpris i 1991. Vuoi, biret-maret, vuoi blei fyrste gong utgitt på LP og kassett tilbake i 1972 og her kjem den altså i ny og remastra CD-utgåve.



Bjølsen Valsemølle med Askil Holm: Mohammeds Cafe
Grappa Musikkforlag (2009)

Bjølsen Valsemølle er veteranar innanfor Oslo-rocken med fleire kjente låtar som blant anna ”Vålerenga kjerke” og ”Soria Moria” på repertoaret. Som vanleg er det snakk om folkeleg og jordnær visepop og Mohammeds Cafe står som ei hylling til vår multikulturelle hovudstad og små og store hendingar i Oslo-historia. Med seg på dette albumet har dei fått Askil Holm som deltek på fleire spor.

MySpace


Jan Erik Vold: Vokal – The Complete Recordings 1966 – 1977
Normann Records (2009)

I anleiing Jan Erik Vold sin 70 årsdag kom denne gåvepakken ut. The Complete Recordings består av 3 CD-ar og 1 DVD og gjev eit godt oversyn over produksjonen til kunstnarpoeten Vold. Her får ein blant anna eit innblikk i ”jazz og poesi”-samarbeidet med Jan Garbarek. DVD-en inneheld dessutan ein bråte radiointervju og tv-opptak fiska fram frå støvete NRK-arkiv. Boksen kjem også med ein informativ booklet på rundt omkring 70 sider. For den som ynskjer fordjuping i karrieren til denne allsidige kunstarpoeten er The Complete Recordings ei naturleg opning.


Svölk – Svölk
Svölk/Ohbeley (2009)

Som den blodhungrige bjørnen på coveret illustrerer spelar Trysil-bandet Svölk det som har blitt døypt om til bear metal. I omsette termar betyr det hard og brutal rock. Sjølv om bandet har haldt det gåande i mange år debuterar dei her med sin fullengdar. Svölk betyr forøvrig ”juling” på godt folkeleg trysilmål og er du klar for ein dose bjørnedabb er det berre til å forsyne seg.

MySpace


Vilde Frang – Sibelius/Prokofiev – Violin Concertos
Emi Classics (2009)

Den unge fiolinisten Vilde Frang blei for 2009 nominert til Spellemannpris i klassene klassisk musikk og årets nykommer. Fiolinkonsertane her har fått meget god omtale, deriblant terningkast 6 i Norges største avis.


Theatre of Tragedy – Forever Is The World
2L (2009)

I fylje ei nyleg publisert melding har Theatre of Tragedy bestemt seg for å legge opp etter 17 år i bransjen. Forever is The World blir difor det avsluttande kapitelet frå metallbandet frå  Stavanger

MySpace


Terje Tysland: Liddeli gla
MBN (2009)    

Fem år har passert sidan Terje Tysland ga ut plata Det gode liv. Og det verkar framleis som trønderrockaren har eit godt liv, han er framleis Liddeli gla. Terje Tysland, som saman med blant andre Åge Aleksandersen på 70-tallet markerte seg i det legendariske bandet Prudence, er tilbake med ei skive der humoristisk viserock blandast med cajun-inspirerte tonar. Liddeli gla bulmar over av musikk innanfor eit typisk "tyslandsk" landskap og mange vil nok glede seg over at mannen, med ei over 30 år lang karriere bak seg, er tilbake for fullt.


Siri Nilsen: Vi som ser i mørket
Grappa Musikkforlag (2009)

Siri Nilsen vant Grappa sin debutantpris i 2008 og vi kan trygt påstå at ho fyljer i fotspora til far sin, den litt meir namngjetne Lillebjørn Nilsen. Vi som ser i mørket er melankolsk og lun visepop som både forfører og engasjerer. 

MySpace


Mahsa Vahdat og Mighty Sam McClain: Scent of Reunion
Kirkelig Kulturverksted (2009)

Om det ikkje er så enkelt med forbrødring innanfor storpolitikken kan i alle fall musikk foreine innbitne ”fiendar” på ein langt betre måte. Amerikanske Sam McClain og iranske Mahsa Vahdat fusjonerar sørstat-blues med iransk song på ein svært interessant måte. Låtane har blitt arrangert av Knut Reiersrud og Jarle Bernhoft og musikken her kjennast både groovy og medrivande. Produsent er Erik Hillestad, mannen som også tidlegare har arbeida med fredleg musikalsk brubygging, i fyrste rekkje med CD-prosjektet Lullabies from the Axis of Evil.


Circulasione Totale Orchestra: Bandwidth
Rune Grammofon (2009)

Circulasione Totale Orchestra er eit prosjekt jazzmusikar Frode Gjerstad har haldt gåande sidan midten av 80-tallet. Med stadig utskifting av besetning og ei vid blanding av musikalske tradisjonar har dette blitt eit frijazz-prosjekt i kontinuerleg endring. På Bandwidth samlar Gjerstad saman kompanjongar han tidlegare har hatt gleda av å spele med, deriblant Bobby Bradford, Paal Nilssen-Love og Lasse Marhaug. Opptaka er henta frå konsertar i Molde, Moers og Zürich
Kjelde: groove.no


Andre CD-ar på innkjøpsordningen

Sulphur: Thorns In Existence
Karisma Records (2009)

Gorgoroth: Quantos possunt ad satanitatem trahunt
Regian Records (2009)

The Cute Crash Combo - The Cute Crash Combo
MBN (2009)

Jan Garbarek Group: Dresden – In Concert
ECM (2009)

Gunnhild Seim: Morpho
Drållehålå (2009)

Caledonia Jazzband: Street People
Hot Club Records (2009)

Nordic Voices: Lamentations
Chandos (2009)

Uriel Seri: Just 1 World
Urbansound Recordings (2009)

Helge Sunde & Ensemble Denada: Finding Nymo
Act (2009)

Ruben S. Gjertsen: Grains
+3db Records (2009)

Sven Lyder Kahrs: Dew Sparrows Breath
Aurora Records (2009)

Lene Grenager: Affinis suite
+3db Records (2009)

Listen: 2
Schmell (2009)

Ann-Helen Moen og Gunilla Sussmann: Haugtussa and German Lieder
Simax Classics (2009)

Kraggerud/Monsen/Tomter/Ree: Ysaye – Kammermusikk
Naxos (2009)

Johannes Weisser og Søren Rastogi: Visiting Grieg
Simax Classics (2009)

Christian Wallumrød Ensemble: Fabula Suite Lugano
ECM (2009)

Rolf Lislevand Ensemble – Diminuito
ECM (2009)

Latvian National Symphony Orchestra: Eyvind Alnæs – Symphonies Nr 1 & 2
Sterling (2009)

Anders Eidsten Dahl: Inspired by Bach : organ works by
Lawo Classics (2009)

Ingrid Bjoner: Opernszenen
Orfeo (2009)

Publisert 02.07.2010, sist endret 25.08.2010 - 10:45
Side-alternativer
Kategorier: