Shakira – She Wolf

Colombianske Shakira klarte ved hjelp av ein frekk og vågal musikkvideo å skape litt ekstra blest rundt She Wolf, hennar tredje engelskspråkelige utgjeving.

Kanskje var det naudsynt, kanskje ikkje, men med over 50 millionar solgte album er Shakira i det absolutte toppsjiktet i ei tid når pilene for platesalg peikar nedover. På She Wolf har ho blant andre hyra inn produksjonsassistentane i The Neptunes til å utforme det som har blitt ei god og sjangerbrytande krydderblanding.

Under knappe 30 minutt med speletid går det i glatt diskopop, hoftevrikkande latino-rytmer og sprek hiphop. Som vanleg er det også lagt ved ein del spansktalande bonusversjonar av nokre låtar – dog ikkje av det tekstuelle høgdepunktet Mon Amour, songen der Shakira raljerar mot ein ferierande eks-kjærast og den nye flammen på fyljande måte: ”Hope the French fleas eat you both alive. And your room smells. And The Toilet doesn`t Flush”.

Au då! 

MySpace

Publisert 08.07.2010, sist endret 22.07.2010 - 12:24
Side-alternativer