Thinguma*jigSaw: Ghoul’s out

Det bydast på mystikk, folklore og ei dose djevelsk mørkedans når Thinguma*jigSaw sett saman sitt nyaste musikalske puslespel.

Duoen Thinguma*jigSaw flytta frå Norge til Irland og endte opp med å lage ein musikk dei sjølv har gjeve namnet ”splatterfolk”. Inspirert av mellom anna britisk folk, eventyr og barnelitteratur kunstmusikk, skrekkfilmar - og generelt det meste som luktar av død, råte og forderving - komponerar gruppa skumle folkeviser særleg tufta på bruken av banjo, sag og melodica.

Frå kviskrande mjukskap, til skjærande toner tek bandet sine snirkelvegar gjennom lummert landskap. I likskap med den såkalla anglo-amerikanske freak folk-rørsla der artistar som Devendra Banhart og Joanna Newsom ledar ann er det noko mystisk og utradisjonelt over det heile. Ghoul, unorsk i både tittel og uttrykk, er ei eksperimentell utgjeving som nok både vil skyve vekk og reise merksemd.

Og for den som lurar på tittelnamnet kan det påminnast om at Ghoul er ein folklore-skapning med demoniske trekk og ein forkjærleik for rått menneskekjøtt.

Sånn, der tenker eg vi kom i passande stemning.  

Publisert 30.12.2010, sist endret 30.12.2010 - 11:46
Side-alternativer
Kategorier: