"Menn som ingen treng" med Frode Grytten

Forfattar Frode Grytten kjem til Åsane bibliotek for å snakke om den nye novellesamlinga "Menn som ingen treng" spesielt og sitt lange og innhaldsrike forfattarskap generelt.
Hva
  • Anbefalt arrangement
  • Gratis
  • Åsane bibliotek
  • Forfattertreff
  • infoskjerm åsane
Når 09.03.2017
fra 19:00 til 20:00
Hvor Åsane bibliotek
Navn, kontaktperson
Telefonnummer, kontaktperson 55567120
Legg hendelse til i kalenderen vCal (Windows, Linux)
iCal (Mac OS X)
I likskap med teaterframsyninga Sånne som oss utforskar Grytten nok ein gong mannsrolla og utanforskap i boka Menn som ingen treng. Han held fram forteljingane om menneske som på ulikt vis ikkje passar heilt inn eller som fell utanfor i samfunnet. Grytten har eit treffsikkert blikk og skildrar sine karakterar med empati og forståing. Og haugevis med humor.

Velkomen til boksamtale om det å skrive, mannsrolla og Grytten sin bejubla litterære produksjon. I samtale med Ritha Helland, avdelingsleiar ved Fana bibliotek.

Publisert 11.01.2017, sist endret 11.01.2017 - 16:27
Side-alternativer