Virtuosa på Osa
Virtuositet står i sentrum når Osafestivalen brakar laus i slutten av oktober. På scena står mellom anna Arve Tellefsen, TrondheimSolistene, Leif Rygg og Nils Økland.
Virtuosa er temaet Osafestivalen set fokus på i år. Virtuositet er ikkje
berre å spille høgt, sterkt og fort. Ein sann virtuos har også evne til
å improvisere, overraske og fascinere! Slike musikarar frå nær og
fjern vil Osafestivalen presentere i år.
100-årsjubilanten Sigbjørn B. Osa kalla seg av og til Virtuosa for moro,
noko han stadig levde opp til. Osa var inspirert av Noregs første og
største virtuos gjennom alle tider; Ole Bull. 200-årsjubilanten
reiste verda rundt og trollbant dei fleste. For han var italiensk bel
canto og norsk folkemusikk like sjølvsagt.
Bjørnstjerne Bjørnson sa om
Ole Bull at han var "vårt Folks første og største Festøieblikk"! – og
mange ”festøieblikk” skal det bli på Osafestivalen i år, den 20.
festivalen i historia.
Tellefsen hyller jubilantane
Arve Tellefsen er ein av våre fremste fiolinistar og formidlarar av
klassisk musikk. Musikken til Ole Bull har ofte stått i fremste rekke,
og han var den første som fekk Ole Bull-prisen (2004). Juryen uttala
den gong at "Tellefsen har gjennom flere tiår lagt sin sjel i å foredle
Ole Bulls kulturarv".
Osafestivalen har i år lukkast å få han til opningskonserten.
Tellefsen var beundrar og god ven av Sigbjørn Bernhoft Osa, og på
konserten vil Tellefsen spele og kåsere om både Bull og Bernhoft Osa. Ved flygelet får Tellefsen fylgje av Håvard Gimse. Under
konserten blir også Osaprisen 2010 delt ut.
Program
Osafestivalen blir arrangert fra 28.-31. oktober. Av andre godbitar i programmet kan det nevnast artistane Trio Mediæval, Nils Økland og Rolf-Erik Nystrøm, Frigg. Eli Storbekken med band, Ole Bull-studentane og seminaret "Ole Bull og folkemusikken”.
Se under kalender eller www.osafestivalen.no for meir informasjon og fullstendig program.